søndag 16. september 2012

Hakuna matata


Då var det på tide med eit nytt innlegg. Mykje har skjedd sidan sist. For det første har kome oss på plass her på Haydom i Tanzania. Turen nedover frå Noreg tok nesten tre dagar, med mellomstopp i både Nairobi i Kenya og Arusha i Tanzania. Det kan nemnast at det vart nytta ulike formar for Public transport heile vegen frå Nairobi, og me fekk med det eit tidleg møte med den delen av den Afrikanske kulturen. For eksempel var det ei stor oppleving å sitja 15 personar i ein Land Cruiser med good feeling Afrika-musikk på full guffe långs Serengetti-look a like slette-områder. Me ankom Haydom Lutheran Hospital på ettermiddagen onsdag den 12.sept, og me fekk kjapt tildelt ein stor kåk til disposisjon. Mykje større en den me har i Oslo – så dermed er det berre for folk å ta turen ned å besøkja oss, plass skal det ikkje stå på!
Allereie dagen etter var eg og Maren på plass på arbeidsplassen vår dei neste tre månadane. Eg blei blei introdusert for gutta i teknisk team – ein fin gjeng på ca 50 personar. Desse er igjen delt inn i arbeidslag som har ansvaret spesielle delar/funksjonar av sjukehuset. Eg har foreløpig havna i saman med to teknikarar som viser meg rundt på området. Etterkvart blir det nok meir konkrete oppgåver å ta fatt på. Maren jobbar på barneavdelinga, og skal være der i minst i tre veker. Ho trist godt der, skal ho ha sagt i ein kommentar;)
PFor det andre, på fredag vart me særs heldige over å bli spurd av ein gjeng norske medisinstudentar om å bli med på telttur i bushen. Destinasjon var ikkje avklart, men dei ville prøve å ta seg nordover. Denne gongen vart det ikkje nytta Public transport, men eigen med bil der ein av studentane var sjåfør og guide. Det kan nemnast at han har budd i Tanzania i åtte år tidlegare, og delteke på mange Safaris. Elles trur eg  Maren (og kanskje underteikna) hadde vore litt skeptiske.
Me køyrde oppover mot Lake Eyasi for dei lokalkjendte, og hadde to overnattingar på strekninga. Ei overnatting i eit opent landskap, medan den andre var egentlig midt i eit ku-tråkk, viste det seg. Dette vart bekrefta då ein god gjeng med kyr var på veg mot rasteplassen vår - men med hjelp av hyggelege gjetargutar, vart dei dirigerte ein annan retning.
Det kan nemnast at heile weekend-turen var långt opp på eksotisk-skalaen. Både heilt svart stjernehimmel til soloppgong akkompangert av ein heil skokk av dyrelydar, var store highlights. Ein hissig liten skorpion var også ikkje å forakta, eller kanskje det var detJ
Alt i alt, ei topp førsteveke på Haydom/bushen der altså. Me kjem sjølvsagt attende med meir.
Preikast.

8 kommentarer:

  1. Høres spennende ut! Takk for at dere deler,
    - Så godt at dere har det bra og er vel på plass. Tenker på dere:) Klem Torunn

    SvarSlett
  2. hakuna matata = ingen bekymringer:)
    Det liker vi!!!

    SvarSlett
  3. Vanvittig gøy å hørra fra dåke! Komme te å følla med på bloggen:) godt at dåke e komt trygt ned og har da bra. Her i nord(sør) kan eg melda om regn og stadig kaldare dagar:) pass dåke for skorpionar og andre ulumskskapar:) prekas! Frode

    SvarSlett
  4. Herlig med telefonprat i ettermiddag og veldig fint å lese på bloggen i kveld ! Da er dere i gang med Afrika-livet ! Vi følger med og har dere med i våre bønner ! Klem fra mamma Signe

    SvarSlett
  5. Så fantastisk - herlig å lese om dere. Gleder meg til fortsettelsen..

    SvarSlett
  6. liker at dere har vært på telttur allerede! Lykke til på teknisk og med barna!
    klem fra tess

    SvarSlett
  7. Utrolig spennende lesing! Du skriver levende Kjellis, så en nesten kan ta og føle på Afrika her i Bergen :)

    Flott å høre at dere trives - gleder meg til fortsettelsen! Glad i dere! - Olagutt

    SvarSlett
  8. å, jeg får også lyst til å dra til afrika, og bo i huset deres! hadde det ikke vært for thailand.. gøy å lese!

    hilsen meg som er glad for at dere har blogg!:)

    SvarSlett