lørdag 10. november 2012

Hei frå Haydom

Dagane på Haydom flyr avgårde. Idag skriv me to månader på reisefot ifrå Noreg, og noterar oss samstundes at det kun er fem veker igjen av Afrika-oppholdet. Tida går fort når ein har det gøy!

For dei av lesarane som har inntrykket over at det kun går i utfluktar frå Haydom, som til dømes Safaris, fjellturar og andre spanande Afrika-ting -  kan me fortelle at dette er delvis korrekt. Men me synest det er likevel verdt å nemne at me er her primært for å jobbe på sjukehuset, og bidra med det me kan.
Så for å ta litt om jobbinga, så startar dagen for Maren byrjar kl 07.30 med doktormøte. Kjell Magne drøyer det litt, sidan han er eit grovt eksemplar av B-menneske-typen, og treng difor meir søvn enn Maren. Neida, han er som regel i gang i 08.00-tida med oppmøte i den tekniske avdelinga. Kvar morgon er det også Sala i kyrkja inne på området. Dette er ei samling for alle tilsette, og innheld sang, liten andakt, og praktisk informasjon. Ein fin start på dagen. For tida er det også ein eller fleire fugle-familiar som held på å etablere reir inne i kyrkja. Dei bidrar med høg aktivitet både på kvitre-og flygefronten. God stemning.
Etter Sala er det jobbing for begge to fram til 16-17-tida, med lunsj i 13-tida. Det varierar litt kortid arbeidsdagen sluttar av, spesielt for Maren. Ho er for tida på kirurgisk avdeling og deltar ein del på operasjonar. Av og til er det ikkje alltid at ein kjem i gang heilt når ein hadde tenkt, dagen må på ein måte komme igang først - så då hender det at ettermiddagane blir teken i bruk. Dette er foreløpig relativt uproblematisk for Maren, litt fordi ho fører det på Afrikan-time-kontoen;).
Her på Haydom er det også ein tendens at ein kjem borti mykje forskjelleg. Dette gjeld kanskje først og fremst pasientane som kjem inn. Ofte er det ikkje småtterier dei kjem for å få behandling for. Dette kan kanskje ha sin grunn i at det er meir kultur for å vente før ein oppsøkjer hjelp, eller at ein rett og slett har økonomiske problem. Berre i løpet av ein dag set Maren igjen med sterke inntrykk ho truleg ikkje ville ha opplevd som lege i Noreg.
I den tekniske avdelinga trivs Kjell Magne godt over gjennomsnittet. I utgangspunktet er det vedlikehald og utbygging av det elektriske anlegget det går mest i. Feks held me på å utbetre tilkoplingar til elektriske dysjhovud rundt om i leileghetane på området. Dette prosjektet vart initiert av underteikna etter at han såg gnistrane føyk over hovudet medan han dysja. Me kallar det prevantivt vedlikehold. Itillegg har ein hatt litt utfordringar med naudstraumsanlegget, som består at generator, UPS og kontrollsystem. Hyppige avbrudd av den permanente straumforsyninga fører til at naudstraumsanlegget blir essensielt iforbindelse med forsyning til viktige medisinsk utstyr. Dei siste vekene på Haydom vil gå med til å bidra med dokumentasjon og prosedyrar til gjengen i elektrostaben. Det kan nemnast at eg gjerne skulle hatt meir tid her nede i Afriken, men er takksam for det me får i denne omgong!
Ta ein god kikk på biletene, då det ligg mykje venting og tålmod bak opplastinga av desse.
Preikast!
 
Maren i aksjon på operasjonssalen.

Korfestival i Dongobesh. Mykje folk gjorde det vanskeleg å sjå kva som hende. Dette vart løyst med enkle råd ifrå lokale, rutinerte kor-gåarar.

Definitivt den store helten. Etter eit basketak med ei løve, pga uenighetar då det forsvann nokre geiter, tok denne karen saken i egne hender. Drepte løva med spyd.

Maren på jobb ute i felten.

Synfaring på vannpumpestasjon som forsyn vatnet til Haydom.

Godt å jobbe litt som elektrikar igjen.


 

 

7 kommentarer:

  1. gøy å lese om hverdagen deres på Haydom!
    dere gjør en bra jobb!!

    klem fra tess og gæbb

    SvarSlett
  2. Enig med tess og gæbb! Gøy å lese, selv om det tar litt lengre tid å lese når du skriver Kjell Magne.. hehe! savner dere!!
    Nina:)

    SvarSlett
  3. Flotte Maren! Stå på videre, viktig arbeid som blir utført! Stor klem fra Silje Gundersen, p.s hils mannen;)

    SvarSlett
  4. Dere virker så glade og harmoniske. Jeg blir så glad av å lese det. Du er flink til å skildre - Kjell Magne - slik at vi lesere kan få være med inn i deres hverdag. Spennende..Så bra at du Kjell Magne også får meningsfulle oppgaver. Det er godt å oppleve at man er til nytte. Gleder meg likevel allerede til dere kommer hjem igjen. Nå er det søndag og snart kirketid..Ha en strålende tid videre...pappajon

    SvarSlett
  5. Hei Maren og Kjell Magne!!
    Nå sitter vi hos tante Karin og onkel Hans Kristian, sammen med Thomas og Anne Lise. Vi har sett på bildene deres, kjempe gøy! Bra å lese at dere har det bra!! Vi tenker stadig vekk på dere:) Gud velsigne dere!
    Klem fra mormor

    SvarSlett
  6. Ååååååååå!!!Eg kjenner det LANGT inni hjertet når eg ser på bildene dokkars..SAVN!! Dokkar må kose dokkar masse og bare nyte dagene. African time er et tveegget sverd, men når eg no sitter i travle Norge, så savner eg den stress-løse tilværelsen og "hamna shida". Hvis dokkar e i kantinen MÅ dokkar hilse Emma-Stella og Isayah (Han kjører sykebil)!!
    Stor klem Randi (Tjelle)

    SvarSlett
  7. Mente selvfølgelig farmor i kommentaren min over :)

    SvarSlett